Miljøproblem er ikkje noko som kom med den industrielle revolusjonen, det har det vert lenge før. Skogane vart hogne for å få trekol, og kunstig vatning og einsidige dyrkingmåtar øydela jorda.
I 1750 begynte menneska for alvor å utnytte dei ikkje-fornybare ressursane på jorda, som steinkol og olje. Dette førte til spreiing av farlege miljøgifter, og skadelege stoff som klor, kvikksølv, bly og fosfor vart lagra i menneskekroppen.
På denne tida skapte også byveksten miljøproblem, der røyken frå fabrikkpipene låg tungt over byane. Det var dårlege kloakksystem, elvane vart brukt til avfallsplass, og dette førte til spreiing av tyfus og kolera.
Styresmaktene bestemte etter kvart at kloakkane skulle gå i røyr under jorda, og grunnvatn og vatn frå fjella gjorde drikkevatnet reinare. Så tidleg som i 1863 vedtok Storbritannia ei lov mot luftforureining, men det skulle ta over hundre år før miljøskadene verkeleg vert tatt på alvor. Den prosessen som vart sett i gang under den industrielle revolusjonen, har medverka til at me i dag har ei klimakrisa med global oppvarming.